Den endelege speleplanen for 4. divisjon 2014 er klar etter terminlistemøtet i Molde. Denne viser at seriestarten for Vestnes Varfjell sin del kjem ein dag seinare enn for dei andre laga. Frei kjem på besøk til Vestnes idrettspark tirsdag 22. april, og spelarane får dermed full påskeferie. Dei andre startar 2. påskedag. Ferien er også utvida ved at heimekampen mot Midsund er flytta til ein tirsdag. Dermed blir det kamp både mot Surnadal laurdag 16. og Midsund tirsdag 19. august. Fredag blir kampdag i 17 av 22 serierunder. Dei andre fordeler seg på to tirsdagskampar, to laurdagskampar og ein onsdagskamp. Alle Vestnes Varfjell sine kampar under. Heile terminlista her >>