Kampen opna jamnt, Vestnes Varfjell meinte seg snytt for eit straffespark på stllinga 0-0, då Karl Arne Stokkeland gjekk i bakken innanfor 16-meteren. I staden var det heimelaget, som ifølge eigne heimesider stilte med sin beste tropp for sesongen, som skåra først. Martin Melbø skaut vertane i leiinga etter 18 minutt, og like etter auke Markus Erlandsen til 2-0, som også var pauseresultatet. Vestnes Varfjell gjekk hardt ut etter kvilen, men makta ikkje å snu kampen. I staden kom heimelaget sterkt tilbake og sikra ein klar seier med nye skåringar signert Ruben Rostille og 16-årigen Bendik Vold Hovde. Neste kamp er heime mot Dahle fredag. Åndalsnes om kampen | Åndalsnes Avis om kampen. Kampfakta under:
Kampfakta:
Åndalsnes - Vestnes Varfjell 4-0 (2-0)
Øran stadion 16. mai kl 19
105 tilskuarar
Dommar: Modolf Holm, Isfjorden
Gult kort: Daniel Emami, ÅIF og Karl Arne Stokkeland, Vestnes Varfjell
Vestnes Varfjell (4-3-3): Adrian Gabrielsen; Yngve Solevågeseide, Svein Erik Lange Male, Thomas Brastad (Jørgen Hovde 80.), Magnus Nerheim - Karl Arne Stokkeland, Sivert Nerheim, Nirut Mjøs - Azi Ahmadi (Adrian Liabø 55.), Amund Stavem, Ørjan Tangen (Karl Edvard Bredeli 75.)
Tidlegare Vestnes Varfjell-spelar Lars Håvard Heen Lien har vokta målet til ÅIF før i år, men var skada og ikkje med mot gamleklubben.