Det kraftige snøfallet i mars har gjort det vanskeleg å gjennomføre treningar som ønska nokre dagar før årets første teljande kamp. 

Her er eit bildeglimt frå økta i Vestnes idrettspark måndag denne veka. Heldigvis ser det ut til at det blir ein pause frå snøbygene no, mildare skal det også bli. Laurdag er det NM-kvalik mot Midsund. Den går på Aker stadion, så det burde tilseie så gode speleforhold som det er muleg å oppdrive i Romsdal.