3. divisjon er ferdigspelt for i år og laga går i gang med å planlegge for neste sesong. Surnadal er ein av klubbane som må ut på trenarjakt. Terje Solem gir seg, melder klubben på sine nettsider. KBK - som har lag både i 2. og 3. divisjon - kan miste mange spelarar til neste år, skriv Tidens Krav. Ein av dei som kan forsvinne er Tor Erik Torske, som vurderer å returnere til Sunndal. Avisa melderogså at klubben har store økonomiske problem. Både Sunndal, Surnadal og Eidsvåg er positive til forslaget om å slå saman 3. divisjon til ei fylkesavdeling, skriv Driva.
Av artikkelen går det fram at Eidsvåg hadde eit budsjett på 500.000 kroner i år, men at dette må aukast dersom laget skal delta i ein fylkesserie. Tar også med at ein fotballspelar frå Halsa er dømt til samfunnsstraff etter at han slo til ein spelar frå Øksendal i ein kamp i 5. diivsjon i fjor. Les meir i Driva.