Efta-domstolen fastslo onsdag at det ikkje er i strid med EØS-avtalen å innføre monopol på speleautomatar i Norge. Dermed er det over og ut for private aktørar, og Vestnes Varfjell IL og mange andre lag og organisasjonar må sjå seg om etter nye inntektskjelder.
Vestnes Varfjell har hatt
inntekter på fleire hundre tusen kroner årleg frå
automatane. Mellom anna er kunstgrasbana delvis finansiert av desse
pengane. Klubben har likevel ikkje gjort seg avhengig av
automatinntekter. Desse er i hovudsak berre nytta til
investeringar.
Dagens automatar skal vekk innan 1. juli. Neste år overtak
Norsk Tipping med nye automatar. Klubbane skal få sin del av
overskotet frå desse, men det blir summar langt under dagens
nivå.