Idrettsplassen i Kristiansund
Det blir mange turer til Kristiansund i 2011
Med dagens kampar er det klart kva lag som blir å finne i den nye og spissa 4.-divisjonen for Nordmøre og Romsdal i 2011: Kristiansund FK, Dahle, Kristiansund BK 2, Rival, Molde 3, Åndalsnes, Clausenengen, Træff 2, Måndalen, Kvass/Ulvungen, Vestnes Varfjell og Bryn*. Med andre ord fire lag frå Kristiansund, tre frå Molde og tre frå sørsida av Romsdalsfjorden. Berre eit lite atterhald står att:


1-2 lag i 3. divisjon i Sør-Norge vil berge seg også på 7. plass. KFK har no 7.plassen i 3. divisjon Nordmøre/Romsdal, men sjølv med seier i siste kamp og 33 poeng totalt er det neppe nok til å bli mellom dei 1-2 beste 7.plass-laga i Sør-Norge. Isfjorden eller Malmefjorden får plass i 4. divisjon om KFK står i 3. divisjon. Merk at eit eventuelt nedrykk for MFK 2 frå 2. divisjon ikkje vil ha betydning i år, då alle laga i 3. divisjon hamnar i ein felles "pott" for Sør-Norge.

I 5. divisjon skal Bryn truleg møte Grykam/AK i kampen om KM og opprykksplass, men ifølge nettsidene til Bryn er det ikkje aktuelt med opprykk for laget frå Averøya. Det blir i so fall ikkje første gong Gry/AK 2 seier nei til opprykk. Me huskar alle situasjonen frå 2007 som endte med at Vestnes Varfjell rykka ned frå 3. divisjon.

MFK 5 er på 2. plass i 5. divisjon avdeling 1 kan ikkje rykke opp så lenge MFK 3 rykker ned og kan vel heller ikkje spele i ein divisjon høgare enn MFK 4?