Vestnes Varfjell IL har søkt kommunen om å ettergje gjeld på 325.000 kroner som står att etter utbygginga av kunstgrasbana.
Bakgrunnen er at idrettslaget tok på
seg å betale overskridingar ved utbygginga, noko som kom
på 556.000 kroner. I søknaden viser Vestnes Varfjell
til at laget no har langt dårlegare økonomi enn
tidlegare fordi automatinntekene fell vekk frå 1. juli. Det
blir også vist til at kommunen har bestemt å dekke
kostnadsauka for nærmilijøanlegg i Tomrefjord.
Ordførar Knut Flølo (Frp) seier til Romsdals
Budstikke at søknaden vil bli behandla på vanleg
måte, men at den ikkje kjem opp i formannskapet i dag.