Vegar Skare signerte måndag papira som gjer han til Vestnes Varfjell-spelar att. Han har dei siste sesongane spelt for Brattvåg som no spelar i 2. divisjon. Skare er ein hardtarbeidande og treningsvillig spelar. I Brattvåg vart han brukt på fleire plassar, mest som back, men i Vestnes Varfjell vil han utgjere ei solid forsterking av midtbana. Både sportsleg leiar Knut Øyvind Hoem og trenar Alexander Connor er svært tilfreds med å få Vegar tilbake. Også andre klubbar viste interesse for vikebuktingen. Også Justin Sætre er tilbake i marineblått. Han har sist spelt for Grand Bodø. I sommar har laget også fått heim studentane Ole Gunnar Kjærstad og Ole Håkon Heen Lien. Med desse på plass ser det litt lysare ut. Med berre eitt poeng etter vårsesongen har laget uansett ein stor jobb framom seg om plassen skal bergast. Lokaloppgjera mot Tomrebord borte og Åndalsnes heime er første kampar etter ferien.
Skare og Sætre tilbake i Varfjell!
- Detaljer
- Skrevet av: Nettredaksjonen
- Kategori: Nyheter