Vegar Skare har teikna ny kontrakt med Brattvåg. Lokalavisa Nordre skriv at Skare har vore ein av trenar Per Gidlund sine mest fleksible spelarar, då han både har spelt høgre back og venstre kant. Skare spelte ti kampar frå start og like mange som innbyttar for Brattvåg denne sesongen. Dermed er vikebuktingen tapt for Vestnes Varfjell nok ein sesong. Det er ikkje kjent kva Tommy Kanishi gjer, men det ligg vel i korta at også han blir med opp der lag som Hønefoss og HamKam blir motstandarar i neste års 2. divisjon. Over til 4. divisjon der AK har tilsett Kjell Inge Vågen som ny trenar. Vågen har fortid som trenar i Bud, Bryn, Træff damer og diverse kretslag. Han seier til Tidens Krav (krev innlogging) at han ser på AK som ein klubb med god historie og mulegheiter. AK-leiar Nils Arne Øksenvåg seier målet er ei topp-3-plassering også neste sesong. Elnesvågen melder på Twitter at Kurt Mørkøre gir seg som trenar etter denne sesongen. Surnadal, som rykka opp frå 4. divisjon i år, mister også sin trenar, Webjørn Holten. Opprykket kostar dei også toppskårar Bjørnar Dalsegg (45 mål i år) som melder overgang til ein klubb i Trøndelag etter at klubben ikkje fekk oppfylt ønsket om ei avdeling nordover og må til Sogn og Fjordane og Sunnmøre for å spele 3. divisjon i 2016, skriv Driva og TK. Nabo Sunndal har også ambisjonar, og målet er opprykk neste sesong, les med i Driva sitt referat frå klubbens årsfest. Same avis skriv at laget har Jan Roger Angvik øvst på ønskelista. Spissen spelar no for KFK. I Frei melder midtbanestrategen Kenneth Henden på Twitter at han legg fotballskoa på hylla. Me tar også med at nabo Fiksdal/Rekdal har ny trenar på plass. Frank Nakken tek opp arven etter faren Dag og blir spelande trenar for dei lyseblå. Laget har hadde spelarmøte sist onsdag og har 14-15 spelarar "på blokka", skriv Bygdebladet. Tomrefjordingen Richard Tomren gir seg som trenar for Brattvåg junior og går over i same jobb for Spjelkavik, skriv Vestnesavisa.