(Eidsvåg - Vestnes Varfjell 0-2) Vestnes Varfjell auka seiersrekka i 4. divisjon til sju kampar på rad då Eidsvåg vart slått 2-0 på bortebane fredag. Tommy Kanishi Andreassen (bildet) og Ronny Leikarnes skåra måla i ein kamp der Vestnes Varfjell måtte spele nesten ein omgang med ti mann etter at Jakob Talberg vart utvist. Kampen var jamn og sjansefattig, men Vestnes Varfjell rodde til slutt i land tre verdifulle poeng og held følge med MFK 3 i tabelltoppen.
Eidsvåg 0 |
Etter skåringa kom ein god periode frå eit hardtkjempande heimelag, men Vestnes Varfjell-forsvaret og målvakt Erling Magne Slemmen fekk rydda unna det som kom. Vestnes Varfjell kom betre med mot slutten av omgangen, men det vart med nokre spede skuddforsøk.
Ti minutt etter kvilen vart Jakob Talberg vist av bana av dommar Bernhard Riksfjord. Det smalt kraftig då midtbanespelaren prøvde å blokkere eit skot, men endte opp med å takle ein eidsvågspelar hardt bakfrå.
Vestnes Varfjell spelte klokt med ti mann, og det såg også ut til at heimelaget hadde sprunge frå seg det verste. Vestnes Varfjell skapte faktisk dei farlegaste sjansane på mange kontringar. På ei av desse sette Ronny Leikarnes inn 2-0. Eit flott skåring, der ballen fauk i mål i vakker boge frå hjørnet av 16-meteren. Leikarnes hadde også fleire andre forsøk, mellom anna tilla ballen like utanfor på overtid.
Heile laget fortener ros for innsatsen i denne kampen, men vi kårar Tore Akselsen til bestemann med solid spel og mange lekra tekniske detaljar.
No ventar Kvass/Ulvungen på heimebane fredag klokka 18.30. Denne kampen er flytta frå laurdag etter semje mellom laga.