David Sissoko medan han spelte for moderklubben Vestnes Varfjell.

David Sissoko frå Vestnes vart den store helten då Brattvåg slo ut eliteserielaget Haugesund i cupen onsdag. Vestnesingen snudde kampen med to skåringar der han gjorde alt på eiga hand. 20-åringen fekk mange lovord i direktesendinga på NRK og vert samanlikna med Messi på kanalens tekst-live.