Eit lite sideblikk til det som skjer over kommengrensa i aust: Åndalsnes slit framleis med å få på plass ein hovedtrenar, men no har Aksel Berget Skjølsvik og Per Magne Misund frå MFK sagt seg villig til å hjelpe klubben, melder Åndalsnes Avis. ÅIF blir ikkje einaste klubb som skal spele på Øran stadion denne sesongen. Måndalen skal grave opp bana si i sommar i samband med utbygging til tartandekke på friidrettsbana, melder klubben på sine nettsider. Dermed må alle heimekampane, inkludert møtet med Vestnes Varfjell 6. mai, spelast på Øran stadion.