Vestnes Varfjell har starta førebuingane til sesongen som altså blir i 5. divisjon etter nedrykket i haust. Tirsdag var 16 mann i aksjon i Romsdalshallen på Åndalsnes under leiing av Tommy Kanishi Andreassen og Kristian Flittie Onstad.

Dei aller fleste held fram frå fjoråret, i tillegg er det nokre nye fjes på treningane. Sidan Måndalen no er i same divisjon er samarbeidet der naturleg nok avslutta og ein del måndalingar og vestnesingar er meldt over dit.

Under er nokre bilde frå økta i kveld. Alle foto: Lars Jørgen Skjegstad