
Eit velplassert og susande skot fem minutt før slutt sikra Vestnes Varfjell seieren 4-3 i heimemøtet med Midsund i 4. divisjon fredag kveld. Og som vanleg var det kaptein Tommy Kanishi Andreassen som tok ansvar og sikra ein velfortent heimeseier. Vestnes Varfjell måtte som vanleg slite mot eit Midsund-lag som utlikna Vestnes Varfjell si leiing tre gongar i kampen. Ole Gunnar Kjærstad, Amund Stavem og Marius Ulla var dei andre målskårarane for Vestnes Varfjell. Bernt Hulsker og dei 65 andre som hadde møtt fram i regnværet kunne dermed juble for tre poeng til heimelaget. Sjå bilde av alle skåringane under:
Videoar i VarfjellTV | Bildegalleri | Midsund om kampen: "Surt tap"
Vestnes Varfjell ville reise seg etter det pinlege 6-3-tapet mot Tingvoll sist og gjekk rett i angrep mot eit Midsund-lag som hadde vunne dei fire siste gongane dei gjesta Vestnes idrettspark (inkludert ein treningskamp). Nokre halvsjansar vart skapt før Ole Gunnar Kjærstad tok ned ballen på flott vis og sette ballen i mål etter 20 minutt. Men Midsund ville vere med på moroa og berre fem minutt etter utlikna Simen Tangen då han sette ballen forbi ein utrusande keeper.
To minutt seinare var heimelaget i føringa igjen då Kjærstad fann Amund Stavem føre mål og dermed 2-1. Igjen utlikna Midsund, denne gong etter ein corner sju minutt før pause ved Haakon Sjøvik.
Kampbildet heldt fram i andre omgang med heimelaget som førande, men med Midsund som farlege på kontringar. 57 minutt var spelt då Marius Ulla heada
Vestnes Varfjell i ny føring etter eit frispark som vart lagt inn i feltet. Men igjen slo Midsund tilbake. Sjøvik vart tomålasskårar då han sette eit frispark frå skrått hald forbi både mur og keeper.
Vestnes Varfjell sette no inn ein sluttspurt for å sikre seieren, samtidig som Midsund ikkje var ufarlege kvar gong dei slo kontra. Kanskje skulle vertane hatt straffespark frå Amund Stavem vart felt av Midsund-måvakt Kristoffer Nilsen, men kampens gode dommar Lars Bjørnar Frostad valde å trekke situasjonen utanfor etter å ha konferert med far og betre plasserte assistentdommar Torbjørn Frostad.
Tommy Kanishi Andreassen skaut først i stolpen etter 80 minutt, før han fekk fulltreff seks minutt seinare og sette inn seiersmålet. Like etter hadde også innbyttar Kevin Gravdehaug sjansen til å auke, men skotet gjekk like utanfor.
Det var eit tydeleg letta heimelag som kunne gå av bana med tre nye poeng etter ein litt svak periode. Solid innsats av heile laget. Best på heimelaget meiner me ugguten Ole Gunnar Kjærstad var. Pluss også til backen Ørjan Tangen for oppofrande spel, til Karl Arne Stokkeland som sto for mykje av det kreative på midtbana, og sjølvsagt til matchvinnar Kanishi Andreassen som aldri gir opp og jobb hardt for vinnarmålet.
Kampfakta:
Vestnes Varfjell - Midsund 4-3 (2-2)
Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Vestnes idrettspark, fredag 21. juni 2013 kl 19
65 tilskuarar
Mål:
1-0 (20) Ole Gunnar Kjærstad
1-1 (25) Simen Tangen
2-1 (27) Amund Stavem
2-2 (38) Haakon Sjøvik
3-2 (57) Marius Ulla
3-3 (68) Sjøvik
4-3 (86) Tommy Kanishi Andreassen
Gult kort: Kristoffer Nilsen, Midsund
Dommar: Lars Bjørnar Frostad, Fiksdal/Rekdal
Vestnes Varfjell (4-3-3): Thomas André Brastad; Magnus Nerheim, Marius Ulla, Nirut Mjøs, Ørjan Tangen - Vegar Skare, Karl Arne Stokkeland (Kevin Gravdehaug76.), Yngve Solevågseide - Ole Gunnar Kjærstad, Amund Stavem (Jo Sigurd Vold 80.), Tommy Kanishi Andreassen