Når styret får oversikt over kostnadar for dette prosjektet, vil VVIL kalle inn til eit nytt ekstraordinært årsmøte i løpet av august/september der budsjett og vidare søknad om tippemidlar vert tema.
Årsmøtet slutta seg også til forslaget frå styret om å legge forholda til rette for å opprette ei stilling som dagleg leiar i idrettslaget. Styret har fått i fullmakt å arbeide vidare med stillingsinnstruks og forsøke å finne ein person som kan tiltre denne stillinga innanfor 20-30 % av eit årsverk.
Ottar Orvik har også bestemt seg for å gå ut av styret til VVIL og æresmedlemmet med over 20 års tjeneste for idrettslaget vart overrekt ein bukett som takk for sitt fantastiske arbeid i styret og i andre tillitsverv for idrettslaget. Ottar går inn i valgkomiteen for VVIL og vil nok også sikkert bidra rundt laget sine planar for klubbhuset som skal byggast. Per Gøran Kjærstad vart enstemmig innvald i styret som ny ledar for anleggskomiteen. Styret består ellers av Kai Magne Stokkeland (leiar), Joar Kirkeslett (handball), Helge Kjørvik (barneidrett), Geir Åge Sylte (fotball senior) og Mette Aarnes (fotball aldersbestemt), med Marianne L Sæter som administarsjonssekretær fram til neste årsmøte.
kaims