Ronald Brastad
Ronald Brastad
Ronald Brastad vart før jul tilsett som dagleg leiar i Vestnes Varfjell IL i ei 20-prosentstilling. Han vil mellom anna ta over dei administrative oppgåvene som Marianne Sæter har hatt i mange år. 37-åringen er ei Vestnes Varfjell-legende som midtstoppar, men kan ikkje love noko snarleg comeback også som spelar. Slik vart Brastad presentert i Fotballavisa som kom ut rett før jul:


Brastad har utdanning frå Norges Markedshøyskole BI og har lang erfaring frå sals- og marknadsjobbar frå Findexa, seinare Telenor Media og Eniro. Her jobba han mellom anna med sal til Gule sider og Telefonkatalogen.

 

 


 

Han flytta heim til Vestnes med sambuar og ein son på fem år i sommar. No ser han fram til å gjere ein innsats for klubben han spelte fotball for gjennom heile oppveksten og på a-laget fram til 2003. Den tidlegare midtstopparen er framleis berre 37 år, men kan ikkje love noko comeback på fotballbana.

 

 

- Eg har skrantande kne, og ryggen er heller ikkje bra. Dessutan måtte nok ein god del trening til for å få meg tilbake i form, og det er eg usikker på om eg har tid til, seier Brastad.

 

 

Han skal kombinere jobben i Vestnes Varfjell med jobb i eit snikkarfirma, men seier han er i marknaden etter ein jobb innanfor det han er utdanna til.

 

 

Kontakt Ronald på telefon 92416661 eller epost Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.