– Dette er berre positivt og ikkje noko eg trur vil skape problem med tanke på å rekruttere trenarar. Alle vil forstå at dette er obligatorisk og ikkje noko vi i styret krev fordi vi ikkje stoler på vedkomande, seier styremedlem Geir Åge Sylte i Vestnes Varfjell til Bygdebladet.
Lokalavisa hadde eit oppslag om dette for litt sida. Der hadde dei også spurt førstebetjent Øyvind Hoem ved Vestnes lensmannskontor, som meinte at dei ville merke et påtrykk etter å få utskreve politiattest i tida framover.