Fredrik Lie var ein av fleire som spelte to kampar på like mange dagar. Her i aksjon mot FCK i 4. divisjon.

Måndalen / Vestnes Varfjell 2 held fram poengfangsten i 5. divisjon. Laurdag vart det eitt poeng då Hjelset-Kleive vart haldne til 0-0 på Måndalen stadion. Dermed held Måndalen / Vestnes Varfjell 2 tre lag bak seg på tabellen.

Saka frå mandalenil.no:

"Kunne blitt seier!

Det ble 0-0 hjemme mot et godt Hjelset/Kleive lag. 
Spillemessig jevnt, men vi skapte de fleste og største sjansene gjennom kampen. Med litt mer dyktighet og flaks hadde vi vunnet kampen. "

Trenar Per Atle Lie fortel om ein bra gjenomført kamp og 6-1 i målsjansar. Nærast var Fredrik Lie i første omgang på eit frispark som gjekk via fingertuppane til keeper og i tverrliggaren. Etter pause hadde Jon Venås eit skot i tverrliggaren. 

Kamptroppen viser at særlig fleire av måndalingane på 4.-divisjonslaget igjen fekk kamp to dagar på rad.

Fredrik Lie dominerte på midtbana med Kristian Flittie Onstad sentralt i eit solid forsvar. 

Startoppstilling:
50 Tinus Hustad
4 Mathias Moen Brudeseth
14 Lucas Vold Moen
20 Rudi Talberg Samseth
22 Torstein Væge Nekstad
24 Kristian Flittie Onstad
8 Fredrik Lie
11 Sverre Olgar Lindset
18 Ole Håkon Heen Lien
6 Adrian Voldseth
27 Jon Areas Venås

Innbyttere:
2 Henrik Samseth
5 Jo Sigurd Vold
7 Ola Mittet Farkvam
10 Kristoffer Nikolaisen
12 Arjan Elias Furland Sylte
16 John Villa Krogseth
17 Preben Moen Volle
21 Andreas Hole