Frå Molde har me fått den triste melding om at Otto Trønningsdal er død, 87 år gammal. Med det har fotballen i Vestnes, Molde og Romsdal mista ein av dei som har sett størst spor etter seg. I Vestnes Varfjell var Otto spelar, trenar og æresmedlem etter ei karriere som strekte seg over fire tiår.
Otto avslutta ei lang og innhaldsrik fotballkarriere som banens beste då Varfjell vann 1-0 borte mot Kårvåg i 1990. Då hadde han spelt 1075 kampar på seniornivå over 35 år for klubbane Træff, Molde, Sogndal, Varfjell, Måndalen og Ørskog. Mange av åra var han spelande trenar. Midtstopparen spelte på toppnivå for Molde i hovedserien og var også med å spele laget opp i 1. divisjon i 1973. (Les meir om karriera til Otto i kapitlet på jubileumsboka nederst på sida).
Otto var ein godt likt lærar på skulen i Tresfjord, dit han kom første gong i 1963. I 1977 lukkast det endeleg å få han over som spelande trenar for Varfjell. Det vart ein suksessrik sesong med andreplass i 4. divisjon. Året etter vart Otto stygt skadd i første seriekamp. Mange trudde karriera var over, men Otto kom tilbake og spelte ut sesongen 1983 før trenaroppdrag lokka han til Måndalen og Ørskog. Då vart han kjent for å ha spelt fotball på alle mulege nivå, frå toppdivisjonen og ned til 6. divisjon. I 1989 var han tilbake i Varfjell då han også skåra sitt siste mål. Året etter la han altså opp, utan at fotballen vart lagt bort av den grunn.
No vart han trenar for ulike aldersbestemte lag Vestnes Varfjell. Fleire av laga gjorde det godt og spelarar frå "Ottos" tok steget opp på A-laget. Bernt Hulsker fekk jamvel ei karriere på toppnivå i Norge og Sverige.
Otto var kjent som ein miljøskapar på alle laga han spelte for og trente. Det guteaktige smilet låg alltid på lur. Varierte treningar med innslag av konkurransar var kjennemerke for Otto som trenar.
I 2013 laga Trygve Hagen ein film om Otto med den passande tittelen "Et liv med fotball". Denne er no lagt ut på Youtube av Romsdalsmuseet og kan sjåast her:
Etter eit langt liv som spelar og trenar, vart han i 2006 utnemnt til æresmedlem i Vestnes Varfjell. Året etter vart han heidra på kretstinget med honorært lederstipend for sitt arbeid som trenar for aldersbestemte lag i Vestnes Varfjell. I 2009 vart han æresmedlem også i Molde Fotballklubb.
Etter at han flytta tilbake til Molde, var han aktiv i veteranklubben i MFK og fast innslag på den årlege veterankampen under jazzveka. Seinare vart det gåfotball heilt til helsa sa stopp.
Otto, som var fødd 13. september 1938, døydde 3. juli 2026. Seremonien vil foregå i stillheit, står det på minnesida.
Takk for innsatsen og kvil i fred!
Under nokre fleire bilde av Otto frå tida i Varfjell:






Her er artikkelen om Otto frå jubileumsboka i 2000:
«Evigunge» Otto Trønningsdal spelte til han var 52
Otto Trønningsdal har truleg norsk rekord i spelte fotballkampar. I ei seniorkarriere som strekte seg over 35 år, frå 1955 til 1990, spelte han til saman 1.075 kampar. Då er kretskampar, treningskampar og turnering-skampar rekna med, i tillegg til obligatoriske kampar i serie og cup. Kampane vart spelt for fem ulike klubbar: Traff, Molde, Sogn-dal, Varfjell, Ørskog og Måndalen. I karriera spelte Trønningsdal på alle divisjonsni-vả, frå Hovudserien og ned til 6. divisjon.
I sin debut-sesong var Trønningsdal med à spele Træff opp i landsdelsserien. Seinare vart det overgang til Molde FK. Der fekk han også spele saman med «landslags-legenda» Arne Legernes. Det vart opprykk til Hovudserien, der Trønningsdal og Molde spelte sesongen 1957/58. MFK rykka rett ned att, men Trønningsdal var ein av dei som markerte seg sterkast, mellom an-na skåra han to mål i ein kamp. Seinare vart det mange kampar for MFK, i landsdelsserien, 3. divisjon og 2. divisjon. 1 1964 fekk han vere med på eit cup-eventyr. Trønningsdal spelte sin kanskje beste kamp for karriera då Vålerengen vart slått 3-2. Same år vart han innkalt i siste liten til å vere reserve i ein U-landskamp mot Irland. I 1973 var Trønningsdal med å spele Molde FK opp i 1. divisjon, men gjekk året etter til Traff som spelanede trenar.
Trønningsdal var lærar i Tresfjord første gong i 1963. Der vart han trenar for eit gute-lag som var svært nære å ta eit kretsmeis-terskap i 1965. Sjølv heldt han fram å spele for klubbane i Molde, i tillegg til Sogndal medan han studerte der. I 1977 greidde Odd Eidem å overtale Trønningsdal til á bli spelande trenar for A-laget til Varfjell. Det vart suksess og andreplass i 4. divisjon alt første året. Sesongen etter vart midtstopparen stygt skada alt i første serie-kamp, og heile sesongen vart spolert. Mange trudde at karriera var over, men Trønningsdal kom tilbake og spelte for Varfjell ut sesongen 1983. Då vart han spelande trenar for Ørskog og seinare Måndalen. 29. august 1987 vart ein spesiell dag for Trønningsdal, som då spelte for Måndalen. I bortekampen mot Midsund runda han det magiske talet 1.000 spelte kampar. Trønningsdal hadde hatt finrekning i gamle papir og funne ut at milepelen var nådd.
I 1989 var Trønningsdal tilbake i Varfjell og skåra i denne sesongen også sitt siste mål på A-lagsnivå i 3-1-seieren heime mot Fræna 19. september. Veteranen kom aleine igjennom og lobba ballen elegant over keeper og i mål. Trønningsdal spelte for det meste bake på bana, men kunne også skåre mål. I 1965 skåra han heile sju mål i ein treningskamp for Molde mot Vågstranda. I sin siste sesong i 1990 stod han over berre fem kampar. På tampen tok han også over som trenar.
Norges kanskje lengste fotballkarriere vart avslutta på ei våt grusbane på Kårvåg på Averøya 29. september 1990. Trønningsdal spelte ein god kamp og vart likegodt kåra til «banens beste» i Romsdals Budstikke etter kampen. Trønningsdal sitt sikre forsvarsspel sikra Varfjell seieren 1-0, og dermed kunne ei lang og innhaldsrik karriere avsluttast på verdig vis. Han var 52 år og 16 dagar gammal då han spelte sin siste kamp på seniornivå.
Trønningsdal, eller berre Otto som han er kjent som i fotballmiljøet, greidde sjølvsagt ikkje å gje seg med fotball sjølv om han slutta som aktiv spelar. Han starta no ein karriere som trenar på aldersbestemte lag. Fleire av laga som Otto har trent har gjort det svært godt. Mange av spelarane frå «Ottos» har tatt steget opp på A-laget til Vestnes Varfjell. Nokre har også tatt steget vidare, slik som Bernt Hulsker. Dả han skreiv under for Molde sommaren 1999, var Otto ein av dei han meinte hadde betydd mest for karriera. Varierte treningar med innslag av konkurransar er Otto sin resept for å motivere spelarane til å trene.
