Tidlegare spelar, trenar og seinare æresmedlem i Vestnes Varfjell, Otto Trønningsdal, er hovudpersonen i ein ny film. "Otto Trønningsdal - et liv med fotball" er tittelen på DVD-en som er gitt ut i desse dagar. Filmen hadde premiere under "Utflytterdagen" i Molde sist helg og er laga av Trygve Hagen. Filmen er eit intervju med Otto gjort av Thor Fuglset. Den er rikt illustrert av bilde både frå Otto sitt eige og andre sitt arkiv. Otto har samla og dokumentert det meste av fotballkarriera si som starta i Træff og gjekk via MFK og fleire andre lokale klubbar fram til han spelte sin siste A-kamp for Varfjell som 52-åring 52 år.