Vestnes Varfjell har lag vidare til
kvartfinalen i Otta cup. J16 vart nummer to i si pulje etter to
seierar og eitt tap og møter Otta 1 søndag morgon kl
09.19. Spelarane må stå opp i otta, med andre ord! I
guteklassen har førstelaget vunne og tapt ein kamp
før møtet med Spjelakvik no kl 23.06. Med seier blir
det kvartfinale. Det har gått heitt føre seg på
Otta-parketten. Mot Toten (tap 1-2) fekk trenaren gult kort,
går det fram av resultatoversikten. Andrelaget har tre strake
tap og er utslått.
Alle
resultat og kampoppsett >>
Tabellar
innelande runder>>
Jentene vann 6-0 mot Moelven og 3-1 mot Sør-Fron før
det vart tap 0-1 mot Lesja 1.
G16 lag 1 slo Tolga-Vingelen 2 6-0 før dei tapte 1-2 mot
Toten 1.
G 16 lag 2 sine tre tap var 2-3 mot Astor National, 1-3 mot
Tolga-Vingelen 1 og 1-5 mot LFK 2