Me ønsker velkommen heim til Oscar Rekdal Misfjord. Forsvarsspelaren kjem frå spel for Molde 2 i 3. divisjon.
Vestnes Varfjell har dermed fått på plass ei solid forsterking til haustsesongen.
- Oscar blir ein veldig fin tilvekst til troppen. Dette er ein overgang me er svært glade for å få på plass, seier Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor.
18-årngen har gått gjennom Aker-akademiet etter han forlet moderklubben Vestnes Varfjell i 2020. Seinare har det blitt mange kampar for MFK på G 16 nasjonal/NM, G 19 nasjonal/NM og dei siste sesongane Molde 2 i 3. divisjon I år har han spelt meir eller mindre fast og vore på banen i 12 seriekampar for Moldes rekruttlag.
Han har også spelt internasjonal fotball for MFK i Uefa Youth League.
Rekdal Misfjord er speleklar til fredagens kamp mot Malmefjorden.