Ottar OrvikOttar Orvik (bildet) frå Vestnes Varfjell vart som venta attvald i styret i Nordmøre og Romsdal Fotballkrets. Han skal også vere nestleiar i styret, eit verv han har fungert i sidan i fjor sommar. Geir Åge Sylte (fredag) og Kai Magne Stokkeland (laurdag) representerte Vestnes Varfjell under kretstinget på hotell Alexandra i Molde. Det nye kretsstyret og nokre av vedtaka:

Leiar:                                  Bernhard Riksfjord, Gossen IL
Nestleiar:                            Ottar Orvik, Vestnes Varfjell IL           
Medlemmer:                        Bente Mosbakk, Sunndal IL Fotball     
                                           Geir Christer Nygård, Åndalsnes IF   
                                           Eli Fanghol, Ekko/Aureosen IL             
                                           Ole Bjørn Moen, Eide/Omegn FK

KFK fekk fair play-prisen. Av vedtaka tar me med at det skal innførast turneringsspel i staden for seriespel i yngste årsklasse, medan ordninga med utjamning av dommarutgifter blir avskaffa.

Les meir om tinget på nettsidene til kretsen.