Øyvind Gram i aksjon for Træff mot Varfjell i 2007.Romsdals Budstikke har i dag eit intervju med Træff-spelar Arne Håkon Sandnes før fredagens kvalikkamp for 2. divisjon mot AaFK 2. Midstopparen har tru på seier. - Jeg tror vi har en fair sjanse til å klare dette. Vi har prestert stabilt som lag lenge nå, og har mye kvalitet i alle lagdeler. Vi er et angrepsrettet lag og skaper alltid mange sjanser, sier Sandnes til Romsdals Budstikke. AaFK stiller svekka til kampen skriv Sunnmørsposten. Av dei meir kjente spelarane frå A-stallen er det berre veteranen Trond Fredriksen og den gamle Træff-spelaren Øyvind Gram (bildet) som kan spele første kamp.


Eit speleselskap held Træff som oddsfavoritt.