Laurdag om ei veke blir den første kvalifiseringskampen for spel i neste års 2. divisjon spelt. MFK 2, som er Nordmøre og Romsdal sin representant imponerte ifølge Sunnmørsposten stort då dei slo Skarbøvik 3-2 i ein treningskamp fredag. Det er no nesten klart at AaFK 2 blir motstandar i kvaliken etter at AaFK slo Sogndal heile 4-1 borte i den første kvalikkampen for spel i neste års Tippeliga. Returkampen blir spelt onsdag. NFF har i cupfinalehelga tradisjonen tru sett opp avdelingane for neste års 2. divisjon:
Her er alle laga frå vårt fylke, KBK, Hødd, SIF og MFK 2/AaFK 2 /Brattvåg plassert i same gruppe. Sjå alle gruppene her>>