Ottar Orvik frå Vestnes Varfjell er innstilt som nestleiar i styrtet i Nordmøre og Romsdal fotballkrets i to nye år. Klubbane i kretsen samlar seg til ting på Hotell Alexandra i Molde fredag kveld. Orvik rykka opp som nestleiar alt 22. juni i fjor. Då vart Bernhard Riksfjord ny leiar fordi Stig Nergård vart innvalt i forbundsstyret i NFF.
Riksfjord, som representerer Gossen IL, er av valkomiteen innstilt som ny leiar.
Orvik er også leiar i anleggskomiteen i kretsen.
Les årsberetninga til kretsen her >>