Einar Helge Brennvik, som er ein av oppmennene for A-laget til Vestnes Varfjell, vart beste tippar i runde 19 av resultattippinga her på varfjell.no. Brennvik oppnådde 10 poeng på dei fem kampane i runden, der han mellom anna tippa rett resultat i kampen Bud-Dahle (2-3). Også Trond Løvik fekk 10 poeng, han fekk alle sine poeng frå kampen Vestnes Varfjell - Gossen (4-1) som han også hadde som joker. Brennvik går såvidt føre fordi han også hadde ein trepoengar (rett målforskjell). I samandraget er no Geir Åge Sylte forbi Vegard Hungnes. Også Lars Jørgen Skjegstad har like mange poeng som Hungnes.