Elnesvågen stadfesta denne veka at dei trekker laget sitt frå 3. divisjon og i staden overtek plassen til Elnesvågen 2 i 4. divisjon. Denne plassen vart ledig sidan Kvass/Ulvungen trekte sitt lag til fordel for spel i 6. divisjon. Det betyr samtidig at det ikkje blir ledig plass til Malmefjorden/Ekko/Aureosen, som vart nummer 2 i 5. divisjon. Med spel kretsserien og kortare reisetid er det også klart at Kurt Mørkøre held fram som trenar for Elnesvågen, blir det meldt på Twitter. Ein som også kuttar ned på reisinga, er Even Heggdal. Han returnerer heim frå Brattvåg for å forsterke Midsund, melder avisa Nordre (tidlegare Haramsnytt). Kristiansund FK har signert to spelarar frå bynabo Dahle.