Fjorårets Vestnes
Varfjell-spelar Svein Erik Gregersen (bildet) og lagkameratane i
KFK har fått ny trenar, ein divisjonskollega i 4. divisjon
har mista keeperen sin og ein anna har fått ny trenar, ein
NRK-kjendis skal spele i brunt denne sesongen og ei klubbkjempe i
Fræna vender heim. Her er nokre nyheiter frå
lokalfotballen ved overgangen til eit nytt år:
Arne Bjerkås går på sin tredje periode som
trenar for Kristiansund FK etter at Bjørn Chr. Larsen fekk
jobb i MFK. Bjerkås seier til KFKs nettsider at han trur laget er betre budd
på opprykket til 3. divisjon denne gongen. I 2007 fekk laget
opprykksplassen seint på vinteren og rykka rett ned att saman
med Vestnes Varfjell.
Naboklubben Clausenengen, som blir divisjonskollega med Vestnes Varfjell denne sesonge, har mista målvakt Ludvig Birkelund til Averøykameratene. AK skriv på nettsidene sine at Birkelund er ein lovande keeper som har vore innom Bryne. AK jaktar også fleire forsterkingar i tillegg til dei som alt er klare. Les også meir om fotballen i Kristiansund og Averøy på forumet til Garderobeprat.
NRK-kjendis Knut Nesbø blei presentert som Eidsvåg-spelar i romjula, melder mellom andre Driva. Nesbø kjem frå Bakrommet og har stilt krav om 15 minutts speletid.
Ekko/Aureosen satsar på opprykk
til 4. divisjon og har henta heim Knut Johansen som tidlegare har
spelt for Bryn og Elnesvågen, melder laget sine sider.
I Måndalen som rykka ned i 4. divisjon
saman med Vestnes Varfjell i haust, skal Per Atle Lie har
hovudtrenaransvaret denne sesongen. Bjørn Tore Strand er
tilbake etter skade blir det meldt her i kommentarfeltet. Han blir
ei fin forsterking for klubben som kan glede seg over gode
treningshorhold i ny hall i vinter.
Kjenner du til overgangar eller anna nytt frå lokalfotballen? Ikkje nøl med å skrive ei melding i kommentarfeltet. Spesielt i 4. divisjon er det lite nytt å finne på nettsidene til dei ulike laga.