Ifølge Vestnesavisa er det nå klart for at toppdekket i Vestneshallen blir skifta ut. Kostnaden blir på rundt 400.000 kroner. På Øverås går ei lokal bedrift inn med pengar til å legge kunstgras på grusbana, skriv Bygdebladet.


Dekket i Vestneshallen er 20 år gammalt og har behov for oppgradering. Seniorrådgivar Odd Jarle Talberg i kommunen seier til Vestnesavisa at det aktuelle golvet å legge er eit såkalla plateelastisk golv. Parkett, som er handballregionen sitt førsteval, er valt bort fordi dette gir større vedlikehaldsutgifter.

Tomrefjord IL ønskjer å overta grusbane og garderobeanlegga på Øverås vederlagsfritt for å gjere bana om til kunstgrasbane. Bygdebladet skriv at ei ikkje namngitt bedrift vil gi ein betydeleg pengesum til eit slikt prosjekt. Avisa skriv vidare at det ikkje er venta å få økonomisk støtte frå kommunen, men at det er eit ønske at kommunen står som utbyggar for å sleppe moms, slik det vart gjort då Vestnes idrettspark vart utbygd.

Øveråsbana var i mange år brukt både til trening og kampar vinterstid også for Vestnes Varfjell. Bana er blitt stadig mindre brukt etter kvart som det har komme grusbane ved Vestneshallen og kunsgras både på Helland og i Tomrefjord (7-arbane).