Didrik Selnes Sæter blir Vestnes Varfjells sjette nysignering før årets sesong. Den målfarlege midtbanespelaren returnerer etter ein sesong for Træff.
Sæter, som er son av målvaktlegenda Ole Marius Sæter, markerte seg med skåring i siste treningskamp mor Åndalsnes.
Overgangen vart stadfesta laurdag. Han er dermed speleklar til NM-kvalifiseringskampen borte mot Elnesvågen andre påskedag. Kampen har avspark på Tornes kunstgrasbane klokka 15 måndag.
Vinnaren møter Midsund som alt har slått ut FCK. Går Vestnes Varfjell vidare, blir det heimekamp på Vestnes i neste runde.
NM-kvalik blir det også på Vestnes måndag, der Måndalen tar imot AK. Elles les me i Åndalsnes Avis at ÅIF alt er vidare då Tomrefjord har trekt seg frå NM-kvalifiseringa.
NM-kampar som alt er spelt:
Midsund - FCK 4-1
Hjelset-Kleive - Dahle 2-4
Sunndal - Malmefjorden 4-0
Blir spelt måndag:
Elnesvågen - Vestnes Varfjell kl 15
Måndalen - Averøykameratene kl 13
Batnfjord - Surnadal kl 13
Eide - Rival kl 13
Tomrefjord - Åndalsnes, Åndalsnes vidare på walk over