Klubbleiar Kai Magne Stokkeland og banksjef Finn Tangen med den nye klubbgenseren på klubbhustomta.
Stokkeland og Tangen
Vestnes Varfjell har signert ein ny avtale med sin hovedsponsor. Avtalen med hovedsponsor Sparebanken Møre gir VVIL minimum 160.000 kroner over dei neste to åra. Samtidig kan me søke om gåvemidlar både i Vestnes og direkte frå hovedkontoret i Ålesund. Klubbhusprosjektet som årsmøtet skal ta stilling til 6. april er høgaktuelt å søke slike midlar til. Banksjef Finn Tangen fekk overrekt den nye klubbgenseren (bildet) på området mellom VIP og E39 der klubbhuset er tenkt oppført.

 

Me kjem attende med meir om årsmøtet, der innkallinga snart blir annonsert.