Kamp nummer tre av fire på ei veke blir spelt i kveld når Åndalsnes gjestar Vestnes idrettspark. - Dette blir ei maratonveke i forhold til kamper. Det var en del slitne bein etter kampen mot Elnesvågen, men eg tror at me skal klare dette eit eller anna vis, seier trenar Alexander Connor. Etter tapet mot Molde 3 fredag, vart plassen i divisjonen definitivt sikra etter at Elnesvågen vart slått 4-1 måndag. Onsdag kjem Åndalsnes på besøk til kampen som vart utsett frå i sommar. Gjestane treng framleis poeng for å vere sikre på å unngå den utsette 9.-plassen som kan gje kvalifisering. Les meir i Åndalsnes Avis. ÅIF er det svakaste bortelaget i divisjon, men får altså fordelen av å møte eit heimelag med minimal kvile. Connor håpar å stille ei bra tropp, men har Nirut Mjøs er ute grunna arbeid. Håpet er at kaptein Karl Arne Stokkeland er tilgjengelig att etter ein liten lårskade. - Så me har omtrent den samme troppen tilgjengelig til ÅIF-kampen, seier Connor. Ole Gunnar Kjærstad var ikkje med mot Elnesvågen og blir ikkje klar før til serieavslutninga heime mot KFK fredag.