Sportsklubben Træff har fått støtte frå styret i Norges Fotballforbund i eit forslag om at 2. lag til lag i 2. divisjon og 3. lag ikkje skal få delta i den nye og spissa 3.divisjonen som kan bli vedtatt på forbundstinget i mars. I Nordmøre/Romsdal vil ei slik regelendring gå ut over KBK 2 (om ikkje KBK rykker opp i Adeccoligaen) og MFK 3, medan Træff 2 ikkje vil kunne rykke opp frå 4. divisjon sjølv om Træff rykker opp i 2. divisjon. Les meir om forslaget på nettsidene til Træff. Her er det også ei lenke til alle forslaga på forbundstinget.
Forslaget blir berre fremja dersom talet på avdelingar i 3.
divisjon blir halvvert etter årste sesong. Forbundstinget er
på Lillestrøm 5.-7. mars. Vestnes Varfjell og andre
klubbar i lavare divisjonar har ei stemme på tinget.