Fredag er det klart for ny heimekamp i 4. divisjon Nordmøre og Romsdal når Træff 2 tar turen over fjorden. Træff 2 vann 4. divisjon i fjor, men har starta litt meir beskjedent i år med ein seier, ein uavgjort og eitt tap på dei tre første kampane. Daniel Gravdehaug, som spelte heile sesongoppkøyringa for Vestnes Varfjell, blir truleg å sjå på motsatt banehalvdel. Også den tidlegare Eide-spissen Ruben Slutås Toven er ein speler me kjenner godt frå 4. divisjon.

Heimelaget håper på si side å følge opp den sterke borteseieren mot Malmefjorden sist. Møt opp og støtt laget i kampen på poeng. Det er meldt strålande vårvær. Ta gjerne på deg ei drakt i høve barnekreftforeningens Fotballtrøye-fredag! Alle billettinntektene i dag går til dette arbeidet.

- Ta på deg di finaste drakt og støtt oss i ein viktig kamp samtidig som du støttar Barnekreftforeninga, oppmodar Varfjell-trener Alexander Connor.