Kampane kjem tett for A-laget, og i kveld er det klart for ny heimekamp i 4. divisjon når Midsund kjem på besøk. Dette skulle eigentleg vere første kamp i haustsesongen, men kampen vart flytta for å gje laga ekstra ferie. Midsund er på 6. plass med to poeng meir enn Vestnes Varfjell. Dei var det første laget som tok poeng mot serieleiar KFK i år (1-1 i Midsund), og var også nære poeng borte mot topplaget Eidsvåg sist (tap 3-4).  Laget har fått tilbake midstoppar Even Heggdal frå Brattvåg denne sesongen, og den gamle målkogen John Arne Øien har også knytt på seg skoa att. Midsund vann 5-3 i vårkampen. Tilsvarande oppgjer i fjor endte med heimeseier 4-3. Oversikt over tidlegare oppgjer og anna statistikk her. Det blir som vanleg oppdateringar via Twitter. Lagoppstillingar kjem her.