Ein svært vanskeleg bortekamp ventar for Vestnes Varfjell som fredag tek turen til Eidsvåg. Heimelaget heng med i tetstriden etter at laget slo Surnadal med sterke 4-0 sist. Vestnes Varfjell måtte som kjent gje tapt for Sunndal etter sjølv ein sterk sluttspurt. Laget må opp på same nivå som siste halvimen mot Sunndal skal det vere håp om poeng i kveld. I fjor tok Vestnes Varfjell ein sterk 3-2-seier i Eidsvåg. Vestnes Varfjell stiller med sterkt redusert tropp. I tillegg til ferierande Thomas Brastad manglar desse av dei som spelte mot Sunndal: Kaptein Ole-Gunnar Kjærstad, Trond Kloset, Marius Ulla, Kevin Gravdehaug, Juan Larsen og Amund Stavem, som fekk sitt gjennombrot då han skåra fire mål i den historiske 10-0-seieren borte mot Eidsvåg i 2012. Oversikt over tidlegare møte her. Eidsvåg har også laga ein oversikt. Utviklinga i kampen kan du følge på Twitter.
Møter Eidsvåg borte fredag
- Detaljer
- Skrevet av: nettredaksjonen
- Kategori: Nyheter