Jo Sigurd Vold signerte fredag overgangspapira som gjer han til Vestnes Varfjell-spelar frå 2013-sesongen. Midstopparen har mange sesongar bak seg i Måndalen. Han spelte frå start i treningskampen mot Rollon fredag, og kunne nok ha tenkt seg ein litt anna start på karriera i sin nye klubb. VarfjellTV snakka med Vold etter kampen. Her fortel han at han vart freiste av ein overgang etter å ha vorte invitert til å trene med Vestnes Varfjell i vinter. - Det var så interressant at eg kunne tenke meg å spele her fast, seier Vold. Han seier også at klubben har ein sterk stall og at han reknar med å måtte kjempe om ein plass på laget. Om kampen mot Rollon seier han dette: Eit mareritt der me ikkje kjem heilt igang, slepp til sjansar og dei skårar på absolutt alt.
Midtstoppar signerte
- Detaljer
- Skrevet av: Asbjørn Vik (intervju/foto)
- Kategori: Nyheter