Ronny Leikarnes tek eit nytt år, til glede for spelande trenar Alexander Connor. (Foto: Kaims)
Leikarnes og Connor
Før årsfestane i Vestnes Varfjell har det også vorte ein tradisjon for spelarane på A-laget å teikne nye kontrakter. Sportsleg leiar Geir Åge Sylte melder at så å seie heile årets lag går på ein ny sesong. Spelarar som Ronny Leikarnes, Ørjan Tangen, Jørgen Gravdehaug, Thomas André Brastad og Tore Akselsen sette signaturen sin på kontrakta laurdag, medan Tommy Kanishi Andreassen teikna langtidskontrakt i fjor. Klubben har som tidlegare meldt sendt brev på to spelarar, men har også mottatt interesse frå andre klubbar på spelarar.

 

Træff vil ha Tommy Kanishi Andreassen over på prøvespel, medan Brattvåg - som til liks med Vestnes Varfjell kjempa i botnen av si 3.-divisjonsavdeling i år, har sendt brev på tre spelarar.

Vestnes Varfjell ønska å hente Vegar Skare og Marius Ulla heim frå Måndalen. Her har Skare alt teikna ny kontrakt med Måndalen og er dermed uaktuell for ein overgang i denne omgang.