- Me må jobbe steinhardt defensivt i denne kampen, legg han til.
Bygdebladet tippar heimeseier og viser til at vertane har vist storform i det siste med 25 skåringar på dei tre siste kampane.
Tidens Krav har torsdag ei stor sak om toppskårar Vegard Bøe på Gry/AK 2. Han la opp i fjor haust og påstår at han ikkje har vore på ei trening sidan då. Likevel har han putta på 19 mål på 10 kampar. Han spelar helst berre heimekampar og likar spesielt dei som går fredagane, røper han overfor Tidens Krav.
32-åringen spelte spiss for AK i 2. divisjon i fjor, og er ikkje vidare imponert over nivået i 4. divisjon, som han kaller "90 minutt med rusling".
- Hadde de målt O2-opptaket på oss, ville det ikke blitt mye rart. Men vi har vært med i mange år og drar nytte av erfaringen når vi møter lag med mange juniorer. At vi kan hevde oss som vi gjør, forteller vel en del om nivået i divisjonen, seier Bøe til TK.
TK presenterer også ei oppdatert toppskåraliste for 4. divisjon. Bak Bøe lurer John Arne Øien med 16 mål før Ronny Svanemsli, KFK og Ronny Leikarnes, Vestnes Varfjell følger med 12 mål kvar.