Vestnes Varfjell ligg på sikker plass i 4. divisjon, men kan også berge seg om det blir 7. plass til slutt. Då må lag nummer 7 i 3. divisjon Nordmøre/Romsdal bli mellom dei 1-2 beste poengsankarane på denne plassen ii dei 20 3.-divisjonsavdelingane i Sør-Norge. Konkursen i Lyn og nedrykk for nordnorske lag frå 2. divisjon avgjer kor mange lag som bergar seg på 7. plass.
Grunnen er at Sør- og Nord-Norge skal vere to distrikt i
3. divisjon, og lag frå Nord-Norge som rykker ned frå
2. divisjon vil frigjere plassar i 3. divisjon Sør-Norge. Mo
IL ligg an til nedrykk frå si avdeling i 2. divisjon, Senja
er også i faresonen, men ser ut til å berge seg. I
tillegg blir det ein plass ledig i 2. divisjon fordi det kjem eitt
lag mindre ned frå 1. divisjon fordi Lyn gikk konkurs, men
her er det også muleg at Lyn får spele i 2. divisjon
neste år.
Truleg blir det berre to lag som bergar seg på 7. plass. Ein
kjapp gjennomgang av alle tabellane i 3. divisjon Sør-Norge
gjort fredag viser at Skedsmo i Akershus med 1,59 poeng i snitt og
Odd 3 i Telemark med 1,57 i snitt ligg best an til å ta
plassane. Dahle i Nordmøre/Romsdal ligg uoffisielt på
ein delt 8. plass av 20 lag med 1,44 poeng (grunnen til at det blir
rekna poengsnitt er at det er ulikt antall lag i avdelingane). Det
er likevel små marginar og mykje kan skje med ein god
poenghaust for laga i 3. divisjon Nordmøre/Romsdal. Kampen
om 6.-7. plassen ser ut til å stå mellom Eidsvåg,
Dahle og KFK.
Les også artikkel i avisa Raumnes om
problematikken