Slik såg det ut på tribuna 16. mai 1990.

Vestnes Varfjell møter Tomrefjord borte på "fotballens nasjonaldag", 16. mai.

Første gong laga møttest denne dagen var i 1990. Då avgjorde nyleg avdøde Harald Innli til 1-0 for Varfjell med ei sein skåring. 

I fjor vart kampen spelt 20. mai, då hadde Vestnes Varfjell tre poeng innan rekkevidde etter skåring av Knut Stian Eik, men heimelaget utlikna på slutten.

Også i år er det spådd ein jamn kamp sjølv om Tomrefjord er meir svekka i år etter at fleire spelarar har vendt tilbake til Vestnes Varfjell.

Varfjell-trenar Alexander Connor forventar  eit tett oppgjer og ein del nervar.

-- Det kjem eigentleg til å skje ei av to ting; enten blir det steike spanande elles renner det ut i ingenting der ingen får meir poeng enn den andre. Det er ikkje alltid kvaliteten på laget som avgjer resultatet, seier Connor til Vestnesavisa (abo).

Det endte 1-1 i fjor.