Litt oppdatering frå 4. divisjon
- Detaljer
- Skrevet av: nettredaksjonen
- Kategori: Nyheter
Det blir spelt kampar utsette og framskotne kampar i 4. divisjon om dagen. I går vann Dahle 2-1 i toppoppgjeret mot MFK 3, medan KBK 2 i kveld slo Kvass/Ulvungen 3-1. Tabell>> Dette var ein utsett kamp i runde 6, der me kan kåre Arne Johan Larsen til rundevinnar i tippinga. Kvass/Ulvungen er Vestnes Varfjells neste motstandar i ein kamp som er flytta frå Ålvundfjord til Leikvoll stadion på Ålvundeid fordi bana i Ålvundfjord skal få kvile. Dermed blir det også litt kortare reise for Vestnes Varfjell. Søndag vart for øvrig kampen Måndalen - Træff 2 utsett fordi to av dommarane ikkje møtte. Les meir om dette i Åndalsnes Avis.