Ein divisjonskollega melder om trenarløysing medan årets toppskårar i 4. divisjon kan vere på veg til ny klubb. Her er litt adventsnytt frå andre klubbar:


IL Bryn skriv på sine nettsider at Frank Ove Berget held fram som trenar. Laget frå Hustad og Farstad satsar også på eit godt støtteapparat og stiller strengare krav til spelarane etter opprykket til den nye og forsterka 4. divisjonen. I same artikkel blir det opplyst at Bjørn Halås skal trene Eide neste sesong og at Vidar Holmen og Torstein Rønning har takka ja til å leie Malmefjorden.

Tidens Krav delte for ei stund sidan ut årets toppskårartrofé for 4. divisjon til Ronny Svanemsli. Clausenengen-spissen skåra 26 mål i årets 4. divisjon, mellom anna to mot Vestnes Varfjell. No kan han igjen vere på veg til Kristiansund BK som også skal spele med sitt 2.-lag i 4. divisjon etter nedrykket. Meir om dette og kvifor laget rykka ned kan du også lese i eit "tett på nett"-møte med KBK-trenar Geir Midtsian på Garderobeprat.com.

Midsund vart suveren seriemeister i årets 4. divisjon noko som vart feira med årsfest nyleg. Her vart det ifølge Øyavis opplyst at Bjarne Stormyr held fram som trenar. Joakim Stormyr vart kåra til årets spelar for laget som berre tapte mot Vestnes Varfjell på heimebane denne sesongen.

For rykter og nytt om lokale lag i 3. divisjon viser me til den nye lokalfotball-bloggen.

Kjenner du til nytt frå lokalfotballen, ikkje nøl med å skrive ei melding i kommentarfeltet under.