Ronny Leikarnes headar inn mål nr 300, mot Måndalen.
Leikarnes skårar mot MIL.
Avisa Tidens Krav har i dag presentert ei oppdatert toppskårarliste for 3. og 4. divisjon. Kjetil Brudset frå Elnesvågen toppar med 17 mål. Ronny Leikarnes er einaste frå Vestnes Varfjell mellom dei ti første namna på lista, åtte mål bak teten.

 

TK har gitt Leikarnes ti mål, men det korrekte er ni. Feilen skuldast at Leikarnes først vart kreditert eit mål i bortekampen mot Træff som var eit  sjølvmål. Slik ser toppen av lista ut:

 

17 mål:

Kjetil Brudeset, Elnesvågen

16 mål:

Jan Roger Angvik, Sunndal (nå Ranheim)

13 mål:

Kristian Benjaminsen, Elnesvågen

Asbjørn Strand, Elnesvåge

Roy Bolme, Surnadal

11 mål:

Dennis Thordarson, KBK 2

10 mål:

Stian Rødal, Træff

9 mål:

Ronny Leikarnes, Vestnes Varfjell

Thomas Mork, Rival

Thomas Flemmen, Træff

Bertil Kjørsvik, Træff

 

Eidsvåg-sidene har laga ei uoffisiell skåringsliste, men denne manglar nokre kampar.

 

I 4. divisjon er det også kjente namn i skåringstoppen. Her er John Arne Øien, Midsund, i teten med 16 mål. Avo Mesan, KFK og Pål A Kirkevold, MFK 3 har 15, Ronny Svanemsli, KFK, 14.