
Ronny Leikarnes
Ronny Leikarnes har alt rekorden i talet på kampar og mål i Vestnes Varfjell, men det skal bli enno fleire. I eit nyttårsintervju med Bygdebladet seier veteranen at han satsar mot nok ein sesong. - Eg har 357 kampar og dersom knea held satsar eg på fleire. Eg skal i alle fall trene, seier Leikarnes til avisa. I år skåra han 14 mål i 4. divisjon og vart med det igjen lagets toppskårar.