Sunndal har som kjent anka avgjerda om å utestenge andrelaget deira frå 4. divisjon, men ingen veit når utfallet blir klart. Erik Hals i fotballkretsen seier til Romsdals Budstikke laurdag at dei ikkje har høyrt noko frå ankeutvalet i fotballforbundet. Vanlegvis blir kretsen bedne om å sende over sakspapira så snart ein anke har komme inn.
I mellomtida svinn tida og dermed også sjansane for at Sunndal 2 skal kunne komme tilbake og fullføre sesongen.
Uansett utfall synest heilt klart er at alle hengekampar må vere spelt før siste serierunde som er komande laurdag klokka 15. Etter at dei vart utestengt skulle Sunndal 2 ha spelt mot KFK, Dahle 2 før dei skulle ha avslutta mot Træff 2 til helga. Spørsmålet er om Sunndal 2 burde fått spele vidare så lenge ein anke var sendt og saka ikkje endeleg avgjort. Så kunne kretsstyret ha vedtatt å sende laget ned ein divisjon etter at sesongen var over. Det hadde dessutan vore den mest rettferdige utfallet reint sportsleg. Då hadde tabellen vore korrekt i toppen, laga i botn hadde fått ein esktra ståplass og Sunndal 2 hadde fått si straff.
Vestnes Varfjell mista som kjent 6 poeng då Sunndal vart strokne og hadde vore 100 prosent opprykksklare med seier mot Dahle 2 i siste kamp om det ikkje hadde skjedd. No er laget i staden avhengig av hjelp frå andre lag, først og fremst MFK i 3. divisjon/Tippeligaen.