Arild Hustad
Arild Hustad i Tresfjord-drakt i 1967
Tidlegare Varfjell-spelar Arild Hustad frå kulturprisen for Vestnes kommune i 2007. Hustad starta karriera i Tresfjord og spelte seinare 68 seriekampar og skåra 35 mål for Varfjell frå 1968 til 1975. Forslagsstillarane meiner han i oppvektsen var "ein av Varfjell og kretsen sine beste fotballspelarar". Seinare var han toppskårar, kaptein og strateg for Tomrefjord i ei årrekke. No var det nok ikkje den aktive karriera som avgjorde at han fekk prisen, snarare arbeidet han har lagt ned som trenar og eldsjel for utvikling av idrettsanlegg i Tomrefjord.

varfjell.no gratulerer med prisen som blir delt ut i julemøtet til kommunestyret.

Vestnes kommune skriv om vedtaket som vart gjort av drifts- og forvaltningsutvalet:

"Forutan ei  idrettskarriere og seinare trenarkarriere innan fotball, har han vore ei aktiv eldsjel for Tomrefjord skulekorps og aktivt med i Tomrefjord Songlag. Han får også, og ikkje minst, kulturprisen for at han dei seinaste åra, har engasjert seg sterkt i lokale prosjekt, der fellesnemnaren har vore ønskjet om å fremme eit positivt oppvekstmiljø i kommunen.  Frå grunngjevinga kan vi m.a. lese følgjande: ”Arild Hustad har aldri vore redd for å ta leiande tak, og han har også evne til å gjere andre samspelarar gode, når prosjekt skal initierast og sluttførast.”   

Kjell Ødegård og Kåre Gunnar Djupvik var forslagsstillarar. Les heile forslaget her >>