Ottar Orvik
Ottar Orvik
Ottar Orvik frå Vestnes Varfjell er av valkomiteen innstilt som ny leiar i Nordmøre og Romsdal Fotballkrets dei to neste åra. Valet skjer på kretstinget i Molde i helga. Idrettslagsleiar Kai Magne Stokkeland og A-lagstrenar Alexander Connor skal representere VVIL på tinget. Mellom sakene som skal opp er bruk av overårige i aldersbestemt fotball og oppretting av 6. divisjon frå 2011. Les meir om kretstinget her>>


Orvik er no nestleiar og leiar av anleggskomiteen. Han vil, dersom han blir valt, bli den andre frå Vestnes som går heilt til topps i fotballkretsen. Alfred Sivertsen var leiar i Romsdal Fotbalkrets ein kort periode i 1947. Han vart valt mot si vilje som eit kompromiss mellom laga frå Molde og indre Romsdal, og sa frå seg vervet. Også Odd Eidem har site i kretsstyret, det var på 1970-talet.

Heile årsberetninga og forslaga på tinget finn du her (innstillinga frå valkomiteen heilt mot slutten av vedlegget)