Tjelle forklarte, ifølgje referata, at bortekampane vart lagt til veker utanom vakt. På heimekampane hadde han avtale om med rektor Asbjørn Gjeitnes om å låne telefonen på Tresfjord skule for å ringe heim til kona Grethe for å høyre om det var pasientar som trong snarleg hjelp.
- Det hende nok at Grethe og Per Tomren (ambulansesjåfør) stod for ein del sjukehusinnleggingar i denne tida, sa Tjelle.
Odd Jarle Talberg overrakte ein blomsteroppsats med klubbvimpel frå Vestnes Varfjell IL. Klubbleiar Kai Magne Stokkeland var forhindra for å vere med på gutelagskamp i Molde. Dette meinte Talberg måtte vere i Tjelle si ånd, noko prisvinnaren var samd i.
Utdelinga skjedde sist måndag, og det var ordførar Knut Flølo som sto for overrekking av medalje og diplom frå kong Harald.